Unge langrennsløparar på:

Inspirerande helg i «Kollen»

Denne helga vart Ungdommens Holmenkollrenn arrangert. Frå Eid IL reiste fire utøvarar.

Stor oppleving: Å delta i Ungdomens Holmenkollrenn var ei stor oppleving for Lukas Andersson og Tørres Bjelland Nøstdal. Begge karane deltok i klassen gutar 14 år. Foto: Privat. 

Sport

Ungdommens Holmenkollrenn er eit landsrenn som smalar rundt tusen løparar i aldersgruppa 13 og 14 år. Frå Eid IL deltok Esekiel Hagen Henden i den yngste klassen for gutar, medan Tørres Bjelland Nøstdal og Lukas Andersson deltok i 14-årsklassen. Ada Prøven Borgund (14) var einaste jente frå Eid som var deltok frå Eid IL. Dei unge langrennsløparane gjekk klassisk laurdag og friteknikk søndag.