Andrine nummer 20 i junior-VM

Andrine Mårstøl (Haugen) køyrde tysdag sitt første renn i junior-VM i italienske Val Di Fassa. På startstreken stod dei beste juniorane frå heile verda.

Andrine Mårstøl køyrer junior VM i Italia.   Foto: Privat

Sport

Storslalåm var første renn for Andrine i junior-VM tysdag. Etter første omgang låg ho på 17. plass. Andrine kom i mål på 57.49, 2.08 etter Meta Hrovat frå Slovakia som leia rennet etter første omgang.

I andre omgang kom Andrine i mål på tida 1:00.80, og enda til slutt på ein god 20. plass i storslalåmrennet i junior VM. I mål var Andrine til saman 3.30 bak vinnaren av løpet Alice Robinson frå New Zealand. Hrovat frå Slovakia som leia etter første omgang køyrde ut. Andrine vart nest beste av dei norske alpinistane. Kaja Norbye frå Norge køyrde inn til tredjeplass.

Neste renn i junior-VM for Andrine er slalåm onsdag.