To eidarar topp ti

Kasper Mundal og Magnus Skeide Bakke vart topp ti i fyrste distanse under Hovedlandsrennet på Oppdal fredag.

Kasper Mundal gjekk inn til tredjeplass fredag.   Foto: Privat

Kasper Mundal i aksjon på normaldistansen. Også Magnus Skeide Bakke var i aksjon fredag.   Foto: Privat

Topp tre under fredagens renn.   Foto: Privat

Sport

Hovedlandsrennet i skiskyting som vert arrangert på Oppdal er i full gong. Under måndagens distanse som var normal kom Kasper Mundal (Stårheim) på tredjeplass medan Magnus Skeide Bakke (Eid IL) kom i mål på ein flott 8. plass i klasse G 16. Det vart ni og sju treff på dei to på distansen.