Eid klatrar på tabellen etter fem kampar utan tap

Har vunne fire og spelt ein uavgjort

Herrelaget til Eid i 4. divisjon har no klatra til 2.-plass på 4. divisjonstabellen. Fire kampar i Bergen enda med tre sigrar og ein uavgjort. Laurdag køyrde dei over NHHI sitt andrelag med 44–19.

Forsterkning: Terence Edward Leftwich laga åtte mål i kampen mot NHHI2. Saman med Lovro Krecis var han med det toppscorar i kampen. – Ei klar forsterkning av laget, seier trenar Geir Dale. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Sport

–Forsterkningane vi har fått på laget, Terence Edward Lewftwich og Lovro Kresic, som spelte på Stryn fram til dei trekte laget, har vore svært viktige forsterkningar for oss. Ikkje berre er dei viktige i kamp, dei er også viktige for treningane våre, seier Geir Dale som ser at opprykk til 3. divisjon kjem nærare for kvar kamp.