Heilt til topps

Torsdag køyrde Andrine Mårstøl inn til tredjeplass i eit storslalåmrenn på Oddal. Fredag gjekk Haugen-jenta heilt til topps på sigerspallen.

Andrine Mårstøl vann eit storslalåmrenn på Oppdal fredag. Om vel ei veke er det junior-VM i Italia for alpinisten frå Haugen IL.  Foto: Privat

Sport

Under eit FIS-renn på Oppdal fredag vart det ein suveren 1. plass til Andrine Mårstøl. I mål var Andrine 0,61 sekund framføre Mariel Kufaas som hadde beste omgangstid i første omgang. Omgangstida til Kufaas i første omgang var over sekundet betre enn Andrine si omgangstid. I andre omgang klinka Andrine Mårstøl til. Med ei omgangstid som var 1,63 sekund betre enn Kufaas vart det ein sikker siger til Haugen-løparen som er tatt ut til junior-VM i italienske Val di Fassa 18.-27. februar.

Det er nye renn på Oppdal over helga.