Storslalåm på Oppdal:

Andrine Mårstøl på tredjeplass

Under eit storslalåmrenn på Oppdal i dag køyrde Andrine Mårstøl inn til 3. plass.

Andrine Mårstøl køyrde i dag, torsdag 7. februar, inn til 3. plass under eit storslalåmrenn på Oppdal.   Foto: Privat

Sport

Etter to omgangar var Andrine 0.39 sekund bak vinnaren, Guro Vognlid Hestad i mål. Besteomgangstid etter første omgang var det Mariel Kufås som hadde. Haugen-løparen hadde 3. beste omgangstid i første omgang, 0,72 sekund bak Kufås. I andre omgang var det Andrine Mårstøl som hadde den beste omgangstida.

Dei tre første på resultatlista var i ein klasse for seg, der det skilte 0.39 sekund mellom første og tredjeplass.