Turnarane fekk skine

Det var mange flotte og høge svev då turngruppa hadde nyttårsoppvising søndag.
Sport

Søndag var det klart for den årlege nyttårsoppvisinga for Eid IL turngruppa i Eidahallen. Turnarane frå seks år og oppover fekk vise fram flotte svev og akrobatiske øvingar. Turnarane viste fram alt ifrå rulle og hjul til meir avanserte øvingar som arabar flikk flakk, salto med skru og dobbel salto.