Vebjørn Høynes til Fana IL

Vebjørn Høynes har signert kontrakt med Bergensklubben Fana IL Fotball sitt herrelag.

Vebjørn Høynes (t.h.) har signert kontrakt med Fana IL. Den målfarlege midbanespelaren takkar med det for seg i Eid IL, der han har vore ein viktig og sentral spelar.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Dette melder klubben på si heimeside, der ein presentere Vebjørn Høynes i den raude- og kvitstripete Fana-drakta.

–Midtbanespelaren Vebjørn Høynes, som har vore ei sentral brikke på Eid sitt a-lag i fleire år,  sluttar seg dermed til Ørjan Hålands treningsvillige spelartropp. Høynes er ein roleg og klok spelar med svært gode basisferdigheiter. Eidaren har dessutan markert seg som ein målfarleg spelar med ein dødeleg effektiv frisparkfot. Ungguten er klar for å utvikle seg vidare i Fana IL Fotball og passer soleis perfekt inn i en gruppe som har lyst å ta steg saman, skriv Fana IL på si heimeside.