KM-sprint Ullsheim

Stårheim IL med siger i seks klassar

Skiskyttarar frå Stårheim IL tok siger i seks av klassane på KM-sprinten på Ullsheim laurdag.

Bendik Vereide var suveren i skisporet under KM-sprinten på Ullsheim.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Trass i fire bom, ein bom på liggande og tre på ståande, var Bendik Vereide, Stårheim IL/Stryn vgs, best i klassen menn 17 år. I mål var han ni sekund føre Jens Henrik Rygg, Vik IL, som skaut feilfritt. Ask Haughovd bomma tre gonger, ein på liggande og to på ståande, og var 37 sekund bak vinnaren i mål.