God innsats i Austerrike

Andrine Mårstøl køyrde inn til 9. plass i eit FIS-renn i Austerrike tysdag.

Andrine Mårstøl med godt resultat i Austerrike.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen) skulle denne veka køyre europacup, men grunna store mengde med nysnø i området er renna avlyst. I staden har ho fått køyre FIS-renn i Austerrike. Tysdag vart det 9. plass på 19.-åringen i eit slalåmrenn, 2.18 bak førsteplassen. Andrine kom i mål som nummer to av dei norske jentene. Andrea Filser frå Tyskland vann rennet.

Måndag køyrde Andrine også FIS-renn, men køyrde ut i dette rennet.