Tre sigrar på fire dagar

Andrine Mårstøl (19) køyrde inn til ny siger i slalåm.

Andrine Englund Mårstøl har denne veka vunne tre av fire FIS-renn på Ål.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen) køyrde inn til siger i nytt FIS-renn på Ål. Denne gongen var det slalåm som stod for tur. I mål var Andrine 0.87 framfor Mariel Kufaas som tok andreplassen. Dette var hennar tredje siger på fire dagar. Tysdag og onsdag køyrde Andrine inn til førsteplass i storslalåm, medan det vart andeplass i slalåm torsdag. Andrine vart også norgesmeister i junior U21 tysdag då ho vann storslalåmrennet.

Det har vore ei god veke for alpinttalentet som no skal heim på juleferie før det blir europacup i januar.