Vann junior NM for U21

Andrine Mårstøl (19) tok tysdag og onsdag to sigrar på to dagar i eit FIS-renn. Samtidig vart ho norgesmeister i junior U21.

Andrine Englund Mårstøl vann junior NM for U21 tysdag.   Foto: Privat

Sport

Alpinisten Andrine Englund Mårstøl (Haugen) vann tysdag storslalåmrennet som vart arrangert på Ål. Samtidig som ho vann rennet vart ho også norgesmeister i junior U21. Andrine utklassa nok ein gong konkurrentane og kom i mål 1.63 før andremann på lista, Mariel Kufaas.

Onsdag var det nytt storslalåmrenn, og Andrine knuste igjen konkurrentane og køyrde inn til sin andre siger på to dagar. Denne gongen kom Andrine i mål 3.83 sekund før andreplassen.

Andrine er denne veka på Ål der ho skal køyre to renn til dei neste dagane. Dei neste renna er to slalåmrenn. Med siger tysdag og onsdag, lovar dette bra.