Klare for A-laget

Simon Gimmestad og Petja Cink er offisielt klare for A-laget.

Fredag vart det klart at to nye spelarar går inn i A-laget til Eid.   Foto: Arkiv

Sport

Fredag 14. desember vart det klart at Simon Gimmestad og Petja Cink er offisielt klare for A-laget til Eid. Det har lenge vore kjent at spelarane skulle til Eid, men no er det altså offisielt. Ifølgje Eid fotball, blir Gimmestad og Cink årets andre og tredje signering for A-laget.