God innsats

I helga vart det arrangert Norges Cup på Lygna Skisenter, der to skiskyttarar frå Stårheim IL deltok.

To frå Stårheim IL: Bendik Vereide (på bildet) og Ask Haughovd gjekk inn til 6.-plass og 14.-plass under mønstringsrennet på Lygna Skisenter.   Foto: Nordfjord team skiskyting

Sport

I mønstringsrennet arrangert på Lygna Skisenter i helga stod to skiskyttarar frå Stårheim IL på startstreken. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) kom i mål til ein 6.-plass på tida 42:43.7, i klassa M17 – 12,5 km, med fem av 20 treff. Også Ask Haughovd (Stårheim IL) konkurrerte i same klasse, og kom i mål på 45:15.6 og enda til slutt på ein 14.-plass med tre bom.

Det var Ole Tafjord Suhrke (Ivrig IL/NTG-G) som vann rennet med tida 39:33.2, med to bom på fire skytingar.