Spelarar frå Eid med på samling

Fleire spelarar frå Eid var med då det vart arrangert Bylagssamling på Sandane.

Bylagssamling: Matheus Balsnes Lyngstad og Max Endal frå Eid var med på handballsamlinga. Foto: privat  Foto: privat

Sport

Bylagssamlinga vart arrangert i Trivselshallen på Sandane første helga i desember, og var for dei beste jentene og gutane i NHF Region Vest som er fødd i 2003. Til saman deltok 32 jenter og 33 gutar, og ut av desse var det 11 jenter og 11 gutar frå Sogn og Fjordane. Frå Eid var det Matheus Balsnes Lyngstad og Max Endal som deltok på Bylagssamlinga denne gongen.

Bylag jenter og bylag gutar er dei yngste representasjonslaga, og laga skal delta i Bylagsturneringa som blir arrangert i Stavanger 15.–17. mars 2019. Nytt for sesongen er at kvar region har med to lag for kvart kjønn, med rundt tolv spelarar. Dei ulike gruppene har ei samling før jul og ei etter. Alle trenar saman fram til troppane blir tatt ut.