Andrine Englund Mårstøl

Tilbake på vinnarsporet

Torsdag vann Andrine Englund Mårstøl eit FIS-renn i storslalåm i Trysil. Det betyr at alpinisten frå Haugen IL er tilbake på vinnarsporet.

Andrine Englund Mårstøl er tilbake på vinnarsporet i alpint. I Trysil torsdag vann ho eit FIS-renn i storslalåm.   Foto: Privat

Sport

Etter strake 1. plassar i FIS-renna på Geilo førre helg, vart Andrine Englund Mårstøl, Haugen IL,  tatt ut til to slalåmrenn  i europacupen i Trysil. I det første slalåmrennet vart det ein 37. plass. I det andre køyrde Andrine ut i den andre omgangen. I eit FIS-renn i storslalåm i Trysil torsdag 6. desember, var Haugen-alpinisten tilbake på vinnarsporet.

Andrine køyrde best av samtlege i 1. omgang . I den andre omgangen vart ho slått med seks hundredels sekund av svenske Michelle Kerven, som vart nummer to i konkurransen, slått med 0,31 sekund av Andrine.

Fredag er det nytt storslalåm-renn og nye sjansar for Andrine Englund Mårstøl i Trysil.