Andrine Englund Mårstøl

Nok ein storslalåmsiger i Trysil

I går torsdag vann Andrine Englund Mårstøl FIS-rennet i storslalåm i Trysil. I dag, fredag 7. desember, gjentok alpinisten frå Haugen IL den bragda.

Fredag køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til nok ein storslalåmsiger i Trysil.   Foto: Privat

Sport

I dagens storslalåmrenn  fekk Andrine selskap av to andre norske damer på Pallen. Andreplassen i rennet v ar det Bianca Bakke Westhoff som tok seg av, 0,86 sekund bak Andrine. Tredjeplassen tok Jenny Rygh, 3,78 sekund bak.

Andrine Englund Mårstøl var best i begge omgangane. I den første omgangen var Haugen-jenta 35 hundredelar framom Westhoff i mål.