Karadas fekk MOT-pris

Brannspelaren Azar Karadas er ein av to som fekk årets MOT-pris under NISO Awards som vart arrangert i helga.

Mot-Pris: Azar Karadas frå Eid fekk MOT-pris.   Foto: Brann.no

Sport

Eidaren Azar Karadas vann årets MOT-pris saman med Ingrid Stenevik som vart delt ut i samarbeid med NISO, Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon. Prisen går til spelarar som er bevisste på rolla si som førebilete for barn og unge, bryr seg om medspelarar og har respekt for dommarar og motspelarar.

– Tusen takk, dette er ein pris eg sett veldig veldig høgt. Det er ein del av meg å inkludere alle. Så tusen takk igjen, sa Karadas, til MOT, som vart nominert fordi han er eit ikon og ein fighter som står opp sine både på og utanfor bana.

MOT skriv at Karadas lev ut MOT sine verdiar gjennom sitt engasjement og dedikasjon. Han har blant anna engasjert seg for overvektige, inaktive supportarar gjennom EuroFIT. Karadas har også på eige initiativ tatt kontakt med idrettskretsen i Hordaland for å bidra med auka inkludering og trivsel blant nyinnflytta barnefamiliar frå utlandet, der han ønskjer å hjelpe med køyring, utstyr til aktivitetar og knekke sosiale kodar.