Andrine Mårstøl knuste konkurrentane i helga

–Kjekt å gjere reint bord

Før torsdag hadde Andrine Mårstøl frå Haugen IL aldri stått øvst på pallen i eit FIS-renn. I helga knuste ho konkurrentane, og vann tre renn på tre dagar.

Tre sigrar på tre dagar: Andrine Mårstøl med hat-trick då ho knuste konkurrentane torsdag, fredag og laurdag.   Foto: Privat

Sport

Alpinsesongen starta torsdag med storslalåm på Geilo for nittenåringen frå Eid. Andrine har fleire gongar vore på pallen, men torsdag gjekk ho heilt til topps og tok sin første siger i eit FIS-renn nokon sinne. Fredag køyrde ho inn til sin andre siger i storslalåm og laurdag vann ho slalåmrennet.