Tre sigrar på tre dagar

Andrine Mårstøl har tatt tre av tre moglege sigrar denne helga.

Andrine Mårstøl tok laurdag sin tredje siger på tre dagar.   Foto: Privat

Sport

Laurdag køyrte Andrine Mårstøl frå Eid inn til siger i slalåm på Geilo. Andrine var 1.40 framfor nestemann på lista. Dette er Andrine sin tredje siger på tre dagar. Torsdag tok ho sin første siger i eit FIS-renn, og sigrane har berre rent inn etter det.

Emma Åsebø køyrte også slalåm, og enda på ein 36. plass laurdag.