Tap i cupfinalen

Det vart tap for Camilla Ervik og Sandviken mot LSK i cupfinalen laurdag.

Camilla Ervik i aksjon for Eid. Laurdag spelte ho cupfinale for Sandviken som møtte LSK.   Foto: Arkiv

Sport

Camilla Ervik frå Eid starta kampen for Sandviken då dei møtte LSK i cupfinalen på Telenor Arena. Sandviken kom aldri heilt inn i kampen og etter 11 minutt stod det 2-0 til LSK etter scoringar av Guro Reiten. I andre omgang kom to scoringar til, og kampen enda til slutt 4-0 til LSK som vann The Double for fjerde gong i løpet av dei fem siste åra.

Ervik har i år vert sentral for Sandviken og starta 21 av 22 kampar i år. Sandviken kom på 4. plass i Toppserien for kvinner i 2018. LSK vann serien solid.