Pris til eldsjeler

Margareth Leivdal, frå Stadlandet IL fekk honorært leiarstipend under Miljøhelga.  Foto: NFF

Sport

I helga vart Miljøhelga 2018 arrangert av NFF Sogn og Fjordane i Førde. Dette er eit av tiltaka som kretsen har for å skape gode møteplassar for klubbeigarar, dommarar, trenarar og engasjerte fotballfolk. Laurdag fekk eldsjelene heidersteikn. Ein av dei som fekk pris var Margareth Leivdal, frå Stadlandet IL. Ho fekk honorært leiarstipend, der ho får tildelt 5000 kroner og diplom for stort og viktig arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane.