Eirik Karlsen

Topp 14 på 100 meter rygg

Søndag sumde Eirik Karlsen, Eid symjeklubb, forsøk på 100 meter rygg i junior-NM. Tida 1.00.44 heldt ikkje til plass i finalen, men det vart ein flott 14. plass.

14 plass på 100 meter rygg vart det beste enkeltresulatet for Eirik Karlsen under junior-NM i symjing.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Før stemnet fortalde Eirik at han rekne med å vere blant topp 15 i klassen eldre junior i ei av øvingane. Han bomma med det berre på ein plass. Han er balnt dei 14 beste i landet på 100 meter rygg i klassen eldre junior.

Eirik var påmeldt til 100 meter rygg med tida 1.01,20. Den tida slo han med 76 hundredelar i forsøket. Siste finaleplassen (nr.8) var på 58,67, så det er eit stykke fram.

Klassen eldre junior som Eirik sym tel symjarar fødde i år 1999, 2000 og 2001. Eirik er 2001 årgang, og har såleis endå to år til i klassen. Eirik hadde berre fem symjarar, jamngamle fødde i 2001, framføre seg på resultatlista etter forsøka. Nettopp det lovar godt for framtida.