Ingen finale på Eirik Karlsen - so langt

Så langt har det ikkje blitt nokon finaleplass på Eirik Karlsen, som denne veka deltek i sitt første junior-NM i symjing.

Eirik Karlsen, som deltek i sitt første Junior-NM denne veka, sumde inn til ein 22 plass i dagens forsøk på 100 meter butterfly. Det heldt ikkje til plass i finalen.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

I Junior-NM i Asker har Eirik Karlsen, Eid symjeklubb, vore gjennom to forsøk. 200 meter rygg torsdag, der det vart ein 17. plass med tida 2.14.39, og 100 meter butterfly laurdag, der eidaren sumde inn til ein 22. plass på tida 59.90. Forsøket som står att er 100 meter rygg, som går på søndag.  Det er dei åtte beste tidene som går direkte til finale.