Eirik Karlsen

Klar for sitt første junior-NM

– Eg håper sjølvsagt at eg skal greie å kvalifisere meg til finale i ei av øvingane, men vel så viktig er det å ta krinsrekorden.

Første NM: Eirik Karlsen (17) er klar for sitt første junior-NM. Målet er å kome til ein finale, men det store målet er å slå eksisterande krinsrekord på 100 meter butterfly.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det seier Eirik Karlsen som onsdag pakka symjebagen og sette kurs mo Asker og sitt første junior-NM som går av stabelen denne veka. 17-åringen frå Nordfjordeid skal delta i tre øvingar, 100 og 200 meter rygg, og 100 meter butterfly. Størst finalesjanse reknar Eirik sjølv at han har på 200 meter rygg.

Samlar på krinsrekordar

I sitt første junior-NM håper han å greie å kvalifisere seg iallfall ein finale, men like viktig er det å slette eksisterande krinsrekordar.