Marius Hagen - kåra til årets Høddspelar

Marius Hagen frå Nordfjordeid er kåra til årets Høddspelar av medlemer i Blåsarane.

Marius Hagen (nærmast) er av «Blåsarane», Hødd sin supportar-klubb kåra til årets Hødd-spelar.  Foto: Magne Johnny Krumsvik, MJK Media

Sport

Marius Hagen frå Nordfjordeid er kåra til årets Høddspelar av medlemer i Blåsarane. Hødd kjempar no om opprykk til OBOS-ligaen.

Marius Hagen bur i Ulsteinvik og studerer Master ved sidan av fotballen. I tillegg er han gründer av Elitedag - og eit førebilete og til stor inspirasjon for unge fotballspelarar frå heile regionen.