Eid 2 krinsmeistar i 6. divisjon

I ein svært jamn og spennande kamp, som vart avgjort fem minutt før fulltid, drog Eid 2 sigeren og krinsmeisterskapen i 6. divisjon i land.

Eid 2 er krinsmeistrar i 6. divisjon etter å ha slått Studentspretten 2 med 4-3.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Både Studentspretten 2, vinnar av 6. divisjon avdeling , og Eid 2, vinnar av 6. divisjon avdeling 3, hadde slått Tempo, som vann avdeling 2 i årets 6. divisjon, med store siffer. Eid vann 10-2 over Tempo på bortebane, medan Studentspretten 2 slo Florø-laget med 7-0 på heimebane. Vinnaren av dagens oppgjer mellom Eid 2 og Studentspretten sitt andrelag ville såleis vere krinsmeister i 6. divisjon.