Kristian Lefdal

Måljegeren på Eid

Nokon har det, andre ikkje. Kristian Lefdal har det definitivt. På 102 seriekampar har tjueåringen 91 mål.

Ein ekte Goalgetter: Kristian Lefdal har ein svært bra statistikk. I årets serie har han scora 1,2 mål per kamp i Kretsligaen. Han kan bli toppscorar, om han greier å putte fleire mål i den siste seriekampen, enn det Malvin Gjerde greier. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Kva er det så som gjer 20-åringen Kristian Lefdal til ein av dei mestscorande spelarane på Eid sitt A-lag gjennom tidene? Han er ikkje utprega rask, han er heller ikkje veldig stor, to ting som kjenneteiknar goalgetterar. Det han har, er ei eiga evne til å dukke opp på rett plass til rett tid, og då endar det som regel i nettkjenning.

–Det stemmer nok det, ein av mine beste eigenskapar er nettopp det å lukte målsjansen, og dukke opp på rett plass til rett tid, seier Kristian som til liks med 2016-sesongen kjempar om å bli toppscorar i Kretsligaen, 4. divisjon i Sogn og Fjordane.