Eid - Skavøypoll:

Eid suverene – vart nummer to i serien

Eid slo Skavøypoll heile 10-1 i den siste seriekampen, og sikra med det andreplassen framfor Stryn. Skavøypoll spelar 5. divisjon neste år.

Kristian Lefdal set inn Eid sitt første mål i kampen mot Skavøypoll. Sjølv om det vart tre mål til, så heldt ikkje det til toppscorartittelen.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Eid og Skavøypoll hadde to heilt ulike utgangspunkt til den siste serierunden. Skavøypoll måtte vinne kampen for i det heile å ha ein teoretisk sjanse til å overleve  i Kretsligaen. Eid sitt mål var å score så mange mål som muleg for å redde andreplassen på tabellen. Berre eit av laga kunne lykkast.

Stor skilnad på laga