Elitedag med Marius Hagen:

For andre gong på Stadlandet

I helga vart det på rekordtid arrangert ny Elitedag med Marius Hagen. Fredag ettermiddag la han ut påmelding til Elitedag på Stad – tre timar seinare var arrangementet fullbooka.

Nytt konsept: Denne gongen testa arrangør og Elitedag-gründer Marius Hagen ut eit nytt konsept; «Elitedag 1 til 1», der det vart lagt opp til personleg trening. Det vart sett av ein time til kvar deltakar der dei fekk personleg instruksjon frå Hagen. Deltakarane skulle sjølve på førehand tenkje gjennom kva delferdigheit dei ønska å bli betre på og vidareutvikle.  Foto: Privat

Sport

Elitedag er eit tilbod til ungdom i alderen 10 til 16, både jenter og gutar, år som har lyst å utvikle seg til å bli ein betre fotballspelar, både i form av det ein gjer på fotballbana, men også utanfor bana. Elitedagen har som mål at kunnskapen, motivasjonen og eigentreninga til deltakarane skal bli betre.

Dele kunnskap

Marius Hagen, som står bak «elitedagen», kjem frå Nordfjordeid, bur i Ulsteinvik og spelar for Hødd i PostNord-ligaen i 2. divisjon- Laget krigar om opprykk til OBOS-ligaen, det vil seie 1. divisjon. Hagen har vore ute nokre veker med kneskade og hadde håpa på å bli speleklar denne helga til kampen mot Arendal, men fredag vart det avklart at han måtte vente ei veke til. Dermed bestemte Hagen seg for å nytte den ledige helga til å dele fotballkunnskapen sin med neste generasjon fotballspelarar. Han heiv seg rundt og fredag ettermiddag fekk han lagt ut påmelding til ein ny runde med «elitedag» på Stadlandet allereie neste dag, laurdag 29. september. Tre timar seinare var arrangementet fullbooka og det var fleire som tok kontakt og ønska å vere med, men som dessverre ikkje fekk plass. Arrangør Marius Hagen tok med så mange deltakarar som timane i døgnet tillèt og enda opp med ein 14-timar lang arbeidsdag med det han likar aller best – fotball.

Stor interesse

–Det er veldig kjekt at det er så stor interesse for elitedagen, og at deltakarane kjem frå både Nordfjord og Sunnmøre, og nokre ivrige unge fotballspelarar hadde teken turen heilt frå Ålesund og Fiskarstrand til Stadlandet, seier Marius Hagen.

Ein til ein

Denne gongen testa arrangør og Elitedag-gründer Marius Hagen ut eit nytt konsept; «Elitedag 1 til 1» der det vart lagt opp til personleg trening. Det vart sett av ein time til kvar deltakar der dei fekk personleg instruksjon frå Hagen. Deltakarane skulle sjølve på førehand tenkje gjennom kva delferdigheit dei ønska å bli betre på og vidareutvikle, og registrerte dette ved påmeldinga. Hagen laga deretter eit treningsopplegg som var tilpassa den enkelte deltakaren sitt ønske. Tilbakemeldingane frå deltakarane var at dei likte konseptet med personleg trening. Dei syntest det var veldig nyttig og dei opplevde framgang i det dei hadde fokusert på. Marius Hagen studerer ved sidan av å spele for Hødd og tek ein Master i idrett. Han seier det har vore svært lærerikt å arrangere Elitedag, samtidig som han kan dra nytte av det han har lært gjennom studiane i arbeidet med Elitedag.

–Eg ønsker på same måte som deltakarane å utvikle meg og bli betre, og å arrangere Elitedag har vore lærerikt for meg som menneske, pedagog og fotballmann, seier Marius Hagen.

God hjelp

Hagen rosar Stadlandet IL for god hjelp med å legge til rette for arrangementet på rekordkort tid og seier at dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan god hjelp og støtte frå vertsklubben. No gleder Marius Hagen seg stort til å spele i den viktige toppkampen mot Skeid på søndag – på heimebane på Høddvoll. Han håpar at mange tek søndagsturen til Ulsteinvik for å heie fram Hødd til siger!