Vått vêr ingen hindring

Regnet pøsa ned, men idrettsgleda var stor på fotballbana i Hornindal søndag.

Stryn-Eid: Tøff kamp mellom Eid og Stryn G7 på Hornindal stadion.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Sport

Årets siste Konglerike-turnering gjekk av stabelen søndag. Det var Hornindal fotball som arrangerte miniputturneringa på Hornindal stadion. I tillegg til arrangørklubben Hornindal stilte Eid, Heia, Stryn, Oppstryn, Loen, Olden og Veten/Hardbakk med lag i turneringa.

– Vått, men det går bra, var kommentarane frå foreldre på sidelinja. Dei stod klare med regnjakker til spelarane når kampane var over.