Fotballgruppa i Hornindal IL inviterer til -

Foredrag og trening

Tysdag kveld inviterer Hornindal Idrettslag til trening og foredrag med tittelen; «Ein betre trenar med Norges Fotballforbund og Hornindal IL»

Inviterer til fagleg påfyll: Silje Hjellbakk Hole og Dina Yri i Fotballgruppa i Hornindal inviterer til trening og foredrag med Jarl Toske frå Norges Fotballforbund. Foto: Privat 

Sport

– Som ein av 37 Eat Move Sleep-ambassadørklubbar i Norge, er Fotballgruppa Hornindal Idrettslag så heldige å få besøk av Jarl Torske, frå Norges Fotballforbund,seier Silje Hjellbakk Hole og Dina Yri i fotballgruppa i Hornindal.

Treningøkt

– I lag med vårt jentelag og gutelag skal han vise i praksis korleis ein på ein god måte organiserar og gjennomfører treningar ute på treningsfeltet, seier Hole og Yri som inviterer til meir enn ei treningsøkt.

Foredrag

Etter treningsøkta skal han halde eit foredrag du heller ikkje bør gå glipp av. Det blir krydra med fotballfaglege tips og råd, og ikkje minst om korleis du som trenar kan lære spelarane om viktigheita av eit sunt og godt kosthald, god søvn og nok fysisk aktivitet, seier dei to idrettsleiarane.

Erfaren trenar

– Jarl Torske har blant anna erfaring som assistenttrenar på herrelandslaget (2014-2016) – så han veit definitivt kva han snakkar om. Her blir det mykje å lære, om du er trenar for små eller store, debutantar eller ringrevar, seier dei.

Ikkje tilfeldig

At det er nettopp vi i Hornindal IL som får besøk er ikkje tilfeldig.

– Vi er som ein av 37 klubbar i Norge plukka ut som Eat Move Sleep-ambassadørar i 2018. Oppgåva vår er å inspirere og spre kunnskap om viktigheita av mat, mosjon og søvn innad i eigen klubb, men også til foreldre, støttespelarar og nærmiljø, seier Hjellbakk Hole og Yri som gjerne vil at naboklubbane skal får vere med å få fagleg påfyll.

Inviterer naboane

– Vi ønsker også at våre naboklubbar skal få anledning til å vere med å få fagleg påfyll når Jarl Torske kjem til Hornindal tysdag 25 september. Vi håpar sjølvsagt på god oppslutning, ikkje minst frå vår eigen klubb og sjølvsagt også frå naboklubbarne avsluttar Silje Hjellbakk Hole og Dina Yri.