Sist veke gjekk Rindal til topps i Heiamila, og søndag viste han at storforma er intakt. Med tida 29 minutt og 35 sekund var han eitt minutt og 15 sekund raskare enn næraste konkurrent.

Det var Tobias Fuglestrand frå Sandane, som deltok i klasse gutar 13-16 år. Han fullførte løpet på tida 30 minutt og 50 sekund.

Namneskifte

Tidlegare gjekk løpet under namnet Over Brekka. På grunn av omlegging av løypetraséen har det skifta namn til Under Brekka.

Løpet har start ved Tippabrua, og målgang ved varmestova på Harpefossen.

Landevegsløpet, som er det sjuande av totalt åtte i Nordfjordkarusellen, er 7,6 kilometer langt. Det går i kupert terreng på grus og asfalt.

Rekruttering

Nordfjordkarusellen vart skipa etter ein idé frå Magne Tystad på byrjinga av 1990-talet. Det er eit samarbeid mellom åtte ulike løp i Nordfjord, der målet er å skape eit betre og meir interessant løpsmiljø.

Første gongen Nordfjordkarusellen vart arrangert var i 1992, og årets karusell er dermed den 27. i rekka.

Med 11 deltakarar under 20 år i årets utgåve av Under Brekka, ser det ut til at ein har lukkast bra med rekrutteringa.

Mange familiar

Årets Under Brekka vart arrangert for 33. gong. Det var slett ikkje berre ungdom som stilte til start. Med seks deltakarar over 60 år, er det ingen tvil om at ein kan konkurrere så lenge ein har lyst og helse til det.

Det er også mogleg å delta i trimklasse. Her var det svært mange barn som deltok saman med sine føresette.

Éin av dei som valde å delta i trimklassen var Kay Rune Solheim frå Haugen. Han har tidlegare vore med i konkurranseklassen.

– Eg er for dårleg trena til å delta i konkurranseklassen i år. Der er nokre tøffe motbakkar, og eg vil ikkje stå på ei resultatliste med elendig tid, flirte Solheim etter å ha fullført løpet saman med dei andre i trimklassen.

Solheim held seg i form blant anna ved å spele på Haugen sitt 6. divisjonslag i fotball.

– Det held ikkje til å stille i konkurranseklassen, men dersom eg kjem meg i skikkeleg form neste år, skal eg vurdere å stille igjen, lovar Solheim.

Mange familiar nytta høvet til å ta turen til Harpefossen og Under Brekka søndag. Der fekk dei seg ein fin trimtur i det flotte løypenettet ved Harpefossen. Etterpå kunne dei kose seg i varmestova, der det var kiosk med sal av mat og drikke.

Siste løpet i Nordfjordkarusellen er Nordstrandsløpet søndag 30. september, med Fjellhug/Vereide IL som arrangørar.

Kay Rune Solheim tøyer ut etter å ha deltatt i trimklassen i årets utgåve av Under Brekka. Foto: Yngve Tolaas