22-åringen frå Stårheim har sidan han var 16 år satsa alt på idretten. Då flytta han frå Eid til Lillehammer for å gå på Norsk Toppidrettsgymnas. Seks år seinare går turen til USA.

Onsdag sist veke sette han seg på flyet til San Francisco. Derfrå gjekk turen til byen Bozeman i delstaten Montana. Her skal Åge Solheim studere økonomi ved Montana State University, ved sidan av satsinga på alpint.

– Målet med å flytte til USA er først og fremst å bli ein betre alpinist. Fleire andre nordmenn har gått denne vegen og lukkast med det, seier Solheim, og viser til landslagsløparane Jonathan Nordbotten og Leif Kristian Nestvold-Haugen.

Den ambisiøse stårheimaren har som mål å få plass på verdscuplaget til Norge. Han er fullstendig klar over at nålauget er ekstremt trangt.

– Eg skal trene hardt og vere tolmodig. I alpint er det normalt å slå gjennom på seniornivå rundt midten av 20-åra, så det er ingen grunn til å stresse. Dersom eg presterer, vil det bli lagt merke til, seier Solheim.

Har tru på miljøskifte

Etter tre år på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer, var Solheim i to år med på høgskulelaget i same by. Dette er eit samarbeid mellom skiforbundet og Olympiatoppen.

I fjorårssesongen var han med på privatlaget Team Skistar, i regi av idrettslaget Heming i Oslo.

– Heile vegen har eg studert økonomi på deltid ved høgskulen på Lillehammer. Etter seks år med satsing i Norge, føler eg at det no er på tide med noko nytt. Eg håpar og trur at det å flytte til USA vil gje meg ein ”boost”. Det er små marginar i alpint, og eg satsar på å knekke koden slik at eg tar steget opp i verdseliten, seier Solheim.

Høgt nivå

Han er ein av fleire norske løparar i sin generasjon som alle satsar på eit gjennombrot. På merittlista har Solheim blant anna første og andreplass i Norgescupen samanlagt, to gull og to sølv i junior-NM og sju FIS-sigrar.

– Ser ein på løparar rundt min alder, har nivået aldri vore så høgt i Norge. Eg håpar sjølvsagt å bli den som først tar steget, seier Solheim, som er klar til å bryte av studiane i USA dersom sjansen byr seg.

– Det er først og fremst toppalpinist eg vil bli, og skulle eg få plass på seniorlandslaget vil eg vere klar på dagen, seier han.

Tar med norsk mat

Solheim er spend på mykje før opphaldet i USA, ikkje minst maten.

– Det gruar eg meg faktisk litt til. Eg skal ha med meg leverpostei, makrell i tomat og knekkebrød, slik at eg har noko velkjend mat den første veka, ler han.

– Men på skulen er det både skitrenarar og fysiske trenarar som hjelper til med alt, også kosthald, så eg er ikkje så veldig bekymra, eigentleg. Det vil nok gå seg til etter kvart, seier Åge Solheim.

Noko som er heilt sikkert er at han skal heim til Norge til jul.

– Billetten er allereie bestilt. I tillegg kjem eg nok til å reise heim til NM i slutten av mars neste år. Der vil eg jo få sjansen til å vise utviklinga mi i konkurranse med dei norske løparane, seier Solheim.

Takkar støttespelarar

Alpint er ein dyr idrett å drive, og utan velvillige sponsorar hadde det vore vanskeleg dei siste to-tre åra. Solheim er sponsa av dei lokale bedriftene Chatlet Sport, Normatic, Frislid, Accountor og Hovden & Vatne.

– Støtta deira betyr veldig mykje, seier den hardtsatsande alpinisten, som ikkje er redd for at målsettinga hans som alpinist ikkje skal bli nådd.

– Eg vil uansett sitje igjen med lærdom og erfaringar som få andre har, så eg er heilt sikker på at eg ikkje kjem til å angre på dei prioriteringane eg har gjort, seier Åge Solheim.