Det var blåtrøyene frå Vågsøy som tok føringa 0-1 ved Jonas Våge etter fire minutts spel, men det var omtrent alt bortelaget hadde å by på på Eid stadion laurdag.

Sjølv om det "berre" sto 3-1 til Eid ved pause, var det einvegskøyring frå start til slutt.

Sluttresultatet vart 10-1 til Eid.

Målscorarar for Eid var Johan Skorge (2), Runar Naustdal, Vebjørn Høynes, Marius Henriksen (3), Kristian Lefdal (2) og Joakim Vedvik.

Neste laurdag ventar ei langt meir vaksen oppgåve for Eid, då det er klart for toppkamp i Kretsligaen borte mot Stryn.