Med 31 deltakarar i konkurranseklassen og 22 i mosjonsklassen, var det langt fleire som tok turen til Tua og Heiamila tysdag kveld enn det har vore dei siste åra.

Heiamila er det sjette av totalt åtte løp i Nordfjordkarusellen. Denne løpskarusellen vart skipa for å inspirere fleire nordfjordingar til å trene og konkurrere, og dømt etter deltakinga på Heiamila ser dei ut til å lykkast.

Rindal til topps

Det vart lokal siger i konkurranseklassen, der Arve Rindal gjekk heilt til topps.

Han fullførte mila på tida 36 minutt og 55 sekund, drygt halvminuttet raskare enn Tobias Fuglestrand. På tredjeplass kom fjorårsvinnar Magnus Skeide Bakke, knappe minuttet bak vinnar Rindal.

Der Heiamila har forbetringspotensial er utan tvil i dameklassen, der det berre var to deltakarar, Ada Johanne Borgund og Liv Berge.

Maratonkongen Inge Asbjørn Haugen sa før start at han håpa å fullføre løpet på under timen. Han klarte det med glans, då han klokka inn til tida 50.47.

Ein annan veteran i løpet, sandensaren Roy Tennebø, var mindre optimistisk før start.

– Eg kjenner det veldig godt i beina etter Skåla Opp sist helg, så eg har ikkje heilt trua, sa Tennebø, som fullførte knappe minuttet bak Inge Asbjørn Haugen.

Resultat Heiamila 2018

1. Arve Rindal 36.55

2. Tobias Fuglestrand 37.33

3. Magnus Skeide Bakke 37.52

4. Rune Venøy 38.24

5. Rasmus Tvinnerheim 38.40

6. Arild Vonheim 38.43

7. Hilmar Kråkenes 38.54

8. Kenneth Vedvik 39.11

9. Kay Roger Haugen 39.17

10. Svein Andre Lødemel 39.20

11. Odd Martin Øvrebø 40.47

12. Helge Hafsås 42.23

13. Kim Øyvind Larsen 42.44

14. Kasper Mundal 43.13

15. Daniel Navelsaker 43.14

16. Daniel Auflem Eikås 43.15

17. Aleksander Blålid 43.30

18. Roger Nygård 44.10

19. Nikolai Lødemel 46.01

20. Tom Kruse 46.59

21. Hans Aksel Fjelldal 47.33

22. Ingebrigt Nes Hjelle 50.13

23. Einar Strand 50.24

24. Inge Asbjørn Haugen 50.47

25. Rolf Tennebø 51.40

26. Ulf Magne Eikås 52.18

27. Magne Tystad 53.57

28. Ada Johanne Borgund 56.48

29. Liv Berge 59.28

G 12-15 (3 km)

1. Lukas Anderson 20.29

2. Olve Mo Kalhagen 23.37

Inge Asbjørn Haugen er superveteran i løpsmiljøet i Nordfjord. Foto: Yngve Tolaas
Det var uvanleg mange som registrerte seg som deltakarar på årets utgåve av Heiamila. Foto: Yngve Tolaas
Magnus Skeide Bakke før start. Foto: Yngve Tolaas
Arve Rindal (97), Kenneth Vedvik (72) og Rune Venøy (50) i gemyttleg stemning. Foto: Yngve Tolaas
Severin (6 år, t.v.), Sverre (7 år), Trym (7 år) og Max (6 år), alle frå Hjelle, valde å sykle Heiamila.
Rolf Tennebø frå Sandane var vaksen debutant i Heiamila. Foto: Yngve Tolaas