Dette er ein serie for 13-årige gutar og jenter, der Nordfjord, Sunnfjord og Sogn stiller med sine sonelag.

I Nordfjord sin tropp finn ein desse gutane frå Eid: Tørres B. Nøstdal, Sondre N. Midthjell, Harald K. Starheim, Marius Åsebø og Noah Taklo. Frå Selje er Kevin Hoddevik tatt ut.

Blant jentene er desse lokale spelarane tatt ut i Nordfjord sin tropp: Øyvor Leivdal, Ida F. Holmøy og Renate Leivdal frå Heia IL. Frå Eid finn ein Eveline S. Anderson.

Trenar for Nordfjord gutar er Dan Jøran Hafsås, medan Guttorm Sæbø er trenar for Nordfjord jenter.

Kampane byrjar klokka 10.00 på idrettsparken laurdag.

Fjerde og siste runde i Enivestserien blir spelt laurdag 3. november i Sogndal.