Denne veka stilte han opp som instruktør for moderklubben Eid sin fotballskule. Han hadde også med seg klubbkamerat Eirik Haugan, for å inspirere unge fotballspelarar frå Eid kommune.

– Dette er noko som er veldig artig å vere med på, så det var lett å takke ja då Marius spurde meg om å vere med, seier Haugan, som er fast midtstoppar på A-laget til Hødd.

Erfaren instruktør

Marius Hagen er vand med å vere instruktør for unge fotballspelarar, gjennom konseptet «Elitedag», som han har gjennomført mange stader i regionen. Måndag til onsdag denne veka var han altså heime på Nordfjordeid for å vere instruktør for 13-16-åringar på Tine Fotballskule.

– Eg fekk spørsmål frå Dan Jøran (Hafsås) om eg kunne vere med og bidra, og det ville eg sjølvsagt. Eg kjenner mange av spelarane her frå før. Det er ein ivrig gjeng, som er lydhøyre og kjekke å ha med å gjere, seier Hagen.

Dei to første dagane av fotballskulen var det strålande vêr, noko som er mest viktig for dei yngste. For tenåringane som Hagen og Haugan var instruktørar for betyr det ikkje så mykje.

– Eg har jo hatt elitedag på Stadlandet i storm og regn, og det var ikkje noko problem for deltakarane, men det er klart at det blir meir triveleg å halde på i fleire dagar når sola skin, seier Hagen.

Går for opprykk

Marius Hagen er fast inventar på midtbana til Hødd. Med unntak av karantene for gule kort, har han spelt alle minutt i årets seriekampar.

Hødd spelar i PostNord-ligaen avdeling 2. Dette er landets tredje øvste nivå. Per i dag toppar Hødd tabellen, to poeng føre Skeid. Dersom dei vinn serien blir det direkte opprykk til landets nest øvste nivå, Obosligaen, der vi i dag finn klubbar som Sogndal og Florø.

Marius Hagen er svært optimistisk på Hødd sine vegner.

– Vi skal sjølvsagt rykke opp, og planen er å kjempe om kvalik-plass for opprykk til Eliteserien neste år, seier han.

Marius Hagen meiner det er lite som skil laga på andre og tredje nivå i Norge, og viser til Hødd sine resultat i cupen. Der vann hødd mot Florø frå nivået over og mot Kristiansund frå Eliteserien, før det vart tap på straffespark borte mot eliteserielaget Bodø/Glimt.

– Om få år er Hødd eit topplag, lovar Marius Hagen.