Det er onsdag kveld og klokka er snart seks. Bak Valhall er det allereie litt aktivitet. Nokre har teke dei første prøvekasta. Ein kjem på sykkel, ein kjem gåande og nokre kjem med bil. Det fyllest opp og boka kjem fram. Alle rundar blir notert ned. Og poenga kjem når hestskoen ligg nær pinnen.

–Det er tre poeng nær pinnen. Og eitt for den som ligg nærast den, forklarer Synnøve Fagerstrand i Midtre Nordfjord hesteskoklubb (Mino). Ho har kontroll på boka og gjev ordre med myndig stemme.

–Det er Gunnar-Jan og Henrik, Finn og Synnøve, Siv og Walter og Ronald på walk over, seier ho. Alle tek kvar sin hestesko og går til opplest plass. Så startar kastinga. Først ein gong den eine vegen, to hestesko. Så ein gong den andre vegen, to hestesko. Og skoen legg seg fleire gonger nær pinnen. Det blir poeng.

Men ein må sitje på benken. Han har walk over. Då kan ein ta ein liten matbit, ei banan til dømes. Etter ei stund er nokre ferdige. Dei kom først til 21 poeng. Synnøve noterer i boka. Finn har fått tre poeng, Gunnar-Jan tre poeng og Walter tre poeng. Ein liten pause. Nokre trakkar rundt, andre tek seg ein blås.

–Eg må kaste heile tida. Blir pausen for lang blir eg dårlegare, seier ein ivrig Finn Stavenes. Han trippar rundt og ventar på neste runde. Akkurat no er han klubben sin beste i høve til Norges-cupen. Ein cup dei har vunne sju år på rad, og i år er dei også i leiinga.

Men ikkje alt er som i gamle dagar.

– Vi blir færre, seier Synnøve.

– På åttitalet var det gullalderen. Då var det fleire hundre her i landet som kasta hestesko. No er det vanskeleg med rekruttering. Dei unge vil ikkje vere med. Men vi treng fleire og alle er hjarteleg velkomne. Vi er flinke til å ta oss av dei som startar opp. Vi er som ein stor familie og har det veldig kjekt i lag. Alle er venner og vi reiser på turnéringar i lag. Då overnattar vi på hotell eller på hytte. Det er kjekke helgar, seier Synnøve som slett ikkje ville starte med hesteskokasting for tjue år sidan.

–Mannen min masa. Eg sa at dette er ikkje noko for meg. Men så blei eg no med ein gong. Og oppdaga at dette var noko for meg. Eg starta å kaste med klubben og etter eit par år tok eg til å hevde meg på konkurranse

–Då fekk eg blod på tann. Ville vere med endå meir. Ei stund kasta vi også heime, på ei bane vi hadde laga oss på tunet. Eg og mannen min kasta hestesko nesten kvar kveld i ein periode. Og alle ungane har vore med å kasta, seier Synnøve som snart er klar for ny runde. Då er det Gunnar-Jan Degnepoll Bugge som får walk over. Slik er det når sju møter opp og det blir oddetal.

–Eg er ikkje på mitt beste lenger, seier Gunnar-Jan. – Ikkje slik som eg var før. No er det helsa som bestemmer. Men hesteskokasting og svingkurs held meg oppe, seier Degnepoll Bugge som også har vore med i mange år.

–Ein blir meir stabil med åra. Men ein har aldri nokon garanti. Ein kan ha ein dårleg dag. Anten så kjem ein inn i ein god stim, eller så blir det vanskeleg. Det er det som er spenninga. Men eg er fri for nervar. Det har eg aldri hatt, seier Gunnar-Jan frå benken medan han nøye føl dei andre. Ein ny runde er snart over. Ny trakking rundt bordet, og det blir skrive i boka.

–Det sosiale er viktig. Og så blir ein beten av basillen. Men hesteskokasting krev mykje konsentrasjon. Det er nesten som skyting. Ein kan aldri gå på autopilot. Konsentrasjonen må vere på plass. Det nyttar ikkje å tenkje på noko anna, seier Synnøve som no ser fram mot helga. Då er det NM, på Ålhus i Jølster.

–NM er kjekt. Men det er også travelt. Etter eit par dagar med intens kasting er vi heilt ferdige. Ikkje fordi det er så travelt reint fysisk. Men fordi vi må konsentrere oss så mykje. Men så etterpå er det berre kjekt igjen. Om vi vinn no i helga blir det kake på måndag, på treninga. Det blir det alltid når vi vinn. Mange i klubben har NM-titlar, i par eller mix eller andre ting.

–Vi er den beste klubben i landet, seier Gunnar-Jan Deknepoll Bugge. Det er mange som ikkje veit om det. At vi ligg i landstoppen altså.

–Men vi prøver å få med fleire. Alle kan prøve, og vi er flinke med rettleiing, seier Synnøve Fagerstrand.

Mannen lokka: –Det var mannen min, Walter, som masa på at eg måtte starte med hesteskokasting. Eg har ikkje angra, seier Synnøve. Foto: IngerTræen
Konsentrasjon: Det nyttar ikkje å ta med seg andre tankar på hesteskobana. Full konsentrasjon er oppskrifta for å lukkast. Nærast er Ronald Stoddern klar for kasting. Foto: IngerTræen
Nær pinnen: Får du hesteskoen rundt pinnen er det tre poeng. Den næraste denne får du eitt poeng for, forklarer Synnøve Fagerstrand og Finn Stavenes. Foto: IngerTræen
Walk over: Er det oddetal som møter opp på trening blir det walk over. Frå campingstolen var det Henrik Stokkenes sin tur til å følgje sporten frå sidelinja. Foto: IngerTræen
Engasjert: Synnøve Fagerstrand har lagt sitt hjarte til idretten hesteskokasting. Men gullalderen er over, og ho er redd at sporten blir borte. Foto: IngerTræen