–I dag skal vi gjere ein skikkeleg god kamp, der tre poeng er det einaste vi skal vere nøgde med, sa Eid-trenar Dan Jøran Hafsås til Fjordabladet før kampstart.

Til kampen mot Studentspretten hadde Eid fått med seg ein ny mann. Det er kanskje feil å seie at Thomas Starheim, som har spelt mange A-lagskampar for Eid sjølv om det er nokre år sida, for ny. Men rolla hann hadde fått i kampen mot Studentspretten var ny. Thomas var i sine yngre dagar ein kjempe i Eid sitt forsvar, før han reiste frå Eid og lokalfotballen for å få seg utdanning.

Plasserte på topp

Tilbake på Eid Idrettspark hadde trenar Hafsås flytta Thomas heilt på topp. På spørsmål om kva tanken bak den disposisjonen var svaret frå trenar enkelt og greitt.

–Vi reknar med at Studentspretten kjem til å legge seg veldig lågt. Då er det viktig at vi har eit ein spelar med litt musklar å spele opp på. Eg meiner at Thomas er rett mann i den rolla, sa Dan Jøran som etter kampen måtte vedgå at det ikkje fungerte heilt etter planen. I allfall ikkje i første omgang.

–Grunnen til at det ikkje fungerte som tenkt, er at vi ikkje greidde å slå presise langpasningar. Spesielt ikkje i første omgang. I andre omgang kom dette seg, og kampbiletet endra seg meir til det vi hadde sett føre oss før kampen.

Satsa på kontringar

Sjølv om Eid, stort sett, hadde eit spelemessig overtak frå start av, var det Studentspretten som farlegast framfor mål og som putta det første målet.

–I og med at vi kom til å legge oss litt lågt rekna vi med at Eid kom til å stå høgt med mange mann.  Vårt mottrekk ville vere å forsøke å satse på kontringar primært, og spele ball om den moglegheita skulle by seg.

Og det var nettopp ei kontring det første målet kom på. Magnus Følling Bjørvik, tidlegare Gaular-spelar, vart spelt gjennom og sette ballen i mål bak ein litt uheldig Eid-keeper Sander Torheim Frislid. I løpet av omgangen hadde Studentspretten fleire kontringar som kunne enda med scoring. Ein god Eid-keeper og litt uflaks i avslutningane frå Studentspretten sin spelar gjorde til at det ikkje vart fleire mål på gjestane frå Sogndal.

Klar straffe

I løpet av første omgang hadde Eid tre farlege frispark frå gunstig posisjon. Frå mellom 20-25 meter frå Studentspretten sitt mål. Dei første to frisparka , som vart tatt av Vebjørn Høynes som har scora på slike frispark fleire gonger, var det ikkje noko av. Dei hamna anten i klypene til keeper Tor Erik Eide, eller i forsvarsmuren. På det tredje og siste vart heimelaget snytt for ei soleklar straffe. Frisparket vart redda av ein av Studentspretten sine spelarar med ei høg hand. At ikkje dommar Almenning døme straffe i den situasjonen stiller vi oss like uforståelege til som spelarane til Eid gjorde, og som førte til store protestar.

Ein annan kamp

–I andre omgang fekk vi meir sving på spelet vårt. Pasningane sat langt betre, og vi var langtflinkare til å vinne både første- og andre-ball. Dette resulterte også i at vi fekk ei tidleg scoring. Kristian Lefdal vart spelt nydeleg gjennom, sa ei nøgd Eid-trenar.

Utlikninga til Eid kom etter at Kristian ført finta ein forsvarar opp på tribunene, for så å sette ballen knallhardt i mål bak Studentspretten sin keeper.

Simen sin lobb

Sigersmålet til Eid var det Simen Lefdal som var arkitekt for. Nokre minuttar før scoringa prøvde Eid sin midbanegeneral å lobbe ein ball over keeper. Første forsøket gjekk diverre både over og utanfor mål. På det andre forsøkte var det innertiar, og Eid var i leiing.

–Dette var tre enormt viktige poeng for oss. No er vi med i toppen to poeng bak Kaupanger på andre plass og fem poeng bak serieleiar Fjøra som tapte 3-4 for Stryn, og gjekk på sitt første tap for sesongen, sa Dan Jøran Hafsås som i neste kamp møter Bremanger borte.

Vårt spørsmål til trenaren var om Thomas Starheim kom til å spele på topp også i kampen mot Bremanger.

– Ut frå motstandar så trur eg ikkje det, svarte Dan Jøran.

Kampfakta

Eid – Studentspretten 2-1 (0-1)

Eid Idrettspark

Tilskodarar: rundt 75

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø SK

Ass. Dommarar: Abbas Tamimi, Ørsta Fotball, og Torleis Straume, Hyen IL

Gule kort: Vebjørn Høynes, Eid, Thomas Starheim, Eid, Ole-Andreas Aarvik , Eid, og Nikolai Bråta Strømstad, Studentspretten.

Mål:

26. min. 0-1 Magnus Bjørvik Følling

51. min. 1-1 Kristian Lefdal

67. min. 2-1 Simen Lefdal

Resultat runde 13:

Dale - Kaupanger  0-2

Kaupanger - Skavøypoll  4-1

Vik - Bremanger  6-0

Fjøra - Stryn  3-4

Eid - Studentspretten  2-1

Tabell Kretsligaen

LagKamparVUTMålPoeng
Fjøra1393148 - 1830
Kaupanger1390442 - 2727
Eid1381442 - 2825
Stryn1380544 - 2524
Årdal1373332 - 2324
Studentspretten1354425 - 2219
Dale1341829 - 3513
Vik1344527 - 4016
Florø 21233624 - 3612
TMFK1331924 - 4110
Bremanger1324715 - 4810
Skavøypoll1222829 - 388

Eid: Sander Torheim Frislid, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Johan Pasit Skorge,  Joakim Frislid Vedvik, Henning Haugen  Kaptein, Marius Henriksen, Simen Lefdal, Vebjørn Høynes, Kristian Lefdal og Thomas Starheim

Innbytarar:  Erik-Andre Quiros Røysen, Arild Rindal, Kristian Årskog, Andreas Hellenes,  Eirik Wik Leite  og Ole-Andreas Aarvik

Studentspretten: Tor Erik Eide, Rainer Pando  Kaptein, Ruben Kvalsvik, Martin Svarstad  Debutant, Navin Murugesh, Fredrik Røed, Kristian Ask, Nikolai Bråta Strømstad, Ola Huus Ervik, Markus Sletteland Sigvaldsen, Magnus Følling Bjørvik, Ismail Mahammed, Gøran Wigum, Lars Christian Lindsay Lundhøj  og Christoffer Honningsvåg.

Simen Lefdal hadde ein god dag på Eid Idrettspark. I tillegg til å vere dirigent på midtbanen vart han matchvinnar i kampen. Foto: Tormod Flatebø
Thomas Starheim var tilbake i Eid-drakta. Noko overraskande var det kanskje at forsvarskjempa var plassert på topp. Foto: Tormod Flatebø
Det skapte stor frustrasjon blant Eid-spelarane at dommar Rolf Kåre Almenning ikkje dømde straffe på ein klar hands i feltet på eitt av frisparka frå Vebjørn Høynes. Foto: Tormod Flatebø