Laget til Nordfjord skyttarsamlag var samansett av Bjarne Eriksen, Leiv Reksten, Kristen Lotsberg, alle Nordbygda og Rand, og Knut Lillestøl, Hornindal og Markane.

Kristen Lotsberg opna for Nordfjord med 99 poeng. Knut Lillestøl som var andremann ut fekk same resultat, 99 poeng. Bjrane Eriksen skaut 98 poeng. Ankermann på laget til Nordfjord var Leiv Reksten som skaut fullt hus,100 poeng, med hele ni skot i innartiaren. Totalt vart det 396 poeng på Nordfjord-laget som heldt til ein 15 plass i den tøffe konkurransen.

Uttrøndelag til topps

Vinnar av samlagsskytinga for veteranklassen vart Uttrøndelag med 398 poeng. Sunnfjord skyttarsamlag kom på ein 7. plass med 397 poeng, og var med det best av laga frå Sogn og Fjordane. Heile ni lag hadde 397 poeng.

Nådde ikkje opp

På samlagsskyting for seniorlag under Landsskyttarstemnet vart det ikkje full klaff for Nordfjord sitt lag. På laget skaut Ole Arild Aa, Hyen, Roger Nesheim, Eidsbygda, Regine Nesheim, Eidsbygda, og Johanna Reksten, Nordbygda og Rand. Aa var først ut for Nordfjord med 96 poeng. Roger Nesheim skaut 94 poeng, Regine Nesheim 90 og Johanna Reksten 98 poeng. Totalt 378 poeng, noko som helt til ein 35. plass blant dei 44 laga som deltok i konkurransen. Hordaland vann samlagsskytinga med 392 poeng. Best av laga frå Sogn og Fjordane var Sunnfjord på ein 24 plass med 382 poeng.

Nordfjord skyttrasamlag sitt lag i seniorklassen vart nummer 35 i samlagsskyting i Stjørdal i dag. På laget skaut: Ole Arild Aa, Hyen, Roger Nesheim, Eidsbygda, Regine Nesheim, Eidsbygda, og Johanna Reksten, Nordbygda og Rand. Foto: Magne Nesheim