Eldre Junior skyt seniorprogrammet på 100 meters bane. Det vil seie at dei 15 første skota blir skote med 5 skot liggande, 5 skot ståande og fem skot på kne. Deretter er det 10 skot, tre ståande, tre på kne og fire skot liggande. I finalen, for dei som har greidd å kvalifisere seg, skyt skyttarane ti skot liggande.

Etter dei 25 innleiande skota var Vegard Taklo ein av fire skyttarar som hadde 246 poeng. I finalen opna Vegard med ein niar. Deretter følgde tiarane på rekkje og rad, og 99 poeng. To av skyttarane som hadde 246 som utgangspunkt etter 25 innleiande skot fylte blinken i finalen og enda på 346 poeng. Ein av skyttarane som hadde 245 frå skaut også fullt hus i finalen. Vegard vart ståande med 345 poeng, og delt 4. plass. Eit fantastisk godt resultat.

Finaleresultat Bane - 35 skot -  Klasse Eldre junior1. Espen Elias Vigemyr, Heddeland og Breland  346, 2. Benedicte Guttorm, Karasjok  346, 3. Guro Emilie Hiksdal Øglænd, Ølen  345, 4. Amalie Evensen, Os  345, 4. Vegard Taklo, Hundeide  345, 6. Lars Bakkejord-Johnsen, Bø (Vesterålen)  343, 7. Jørand Aas, Lunde  343, 8. Simen Finstad, Såner  342, 9. Henriette Larsen Kristoffersen, Hammerfest  342, 10. Viktor Rasmussen, Løiten  341, 11. Martin Sandås, Enebakk  341, 12. Kai-Aleksander Kristiansen, Lånke  341, 13. Regine Langbakk, Gjerpen  340, 14. Andrea Svendsberget, Åmot  340, 15. Ragnhild Lien, Ølen  340, 16. Sondre Strøm Hushagen, Nannestad  339, 17. Maren Husås, Søndre Odalen  338, 17. Ole Martin Halvorsen, Bergen  338, 19. Patrick Haugen, Rakvåg  338, 20. Ragnar Henrik Hauer, Høland/Bjørkelangen  338, 21. Milda Marina Søberg Haugen, Røros  337, 22. Julie Marie Grimsbø, Søndre Land  337, 23. Anders Hjerkinn Helgetun, Opdal og Midtbygden  336, 24. Ola Petter Transet, Røyken og Hurum  336, 25. Bendikte Thomassen, Sandar og Sandefjord  331.

Vegard Taklo kan smile etter å ha blitt nummer fire på bane i klassen Eldre Junior under Landsskyttarstemnet 2018. Foto: Magne Nesheim