I dag har det vore finalar på bane på Landsskyttarstemnet i Stjørdal. Vi har allereie opplyst om Vegard Taklo, Hundeide skyttarlag, sin flott 4. plass i klasse Eldre junior. No viser det seg at bror Fredrik Taklo, Hundeide skyttarlag, ikkje er snauare enn at han har kopiert resultatet til sin eldre bror i klasse Eldre Rekrutt.

Fredrik hadde før finalen fullt hus, med 250 poeng. I finalen vart det 100 av 100 oppnåelege poeng. Rangerte på innartreff vart det 4. plass på Fredrik. Finalegrensa i Eldre Rekrutt var 249 poeng, så det seier seg sjølv at det er ein prestasjon i det heile å kome til finalen i denne klassen.

Veteran 55

Veteran 55 skaut sin finale tysdag. Leiv Reksten, Nordbygda Rand, var einaste skyttar frå Nordfjord som greidde finalegrensa på  243 poeng. Reksten hadde 244 poeng etter dei 25 innleiande skota. I finalen vart det 98 poeng, og samla 342 poeng  og ein 28. plass.

Ingen blant toppane

I finalen i klasse 3-5 vart det ikkje topplasseringar for nokon av skyttaren frå Nordfjord.

Resultat finale klasse 3-5:

Klasse 5: Ole Arild Aa, Hyen 340, Johanna Reksten, Nordbygda og Rand  339, Arve Halsteinslid, Haugen  339 og Geir Kjetil Aa Hope, Hyen  336.

Klasse 4: Per Tore Taklo, Hundeide  336.

Skyttarane frå Nordfjord har leigd ein campingplass nokre kilometer utanfor Stjørdal. Her lever dei glade dagar med grillfest og anna som måtte høyre til. Foto: Magne Nesheim
Det vart til slutt ein 28. plass for Leiv Reksten, Nordbygda og Rand, i klasse V55 på bane under Landsskyttarstemnet i Stjørdal. Foto: Magne Nesheim