Samlagsskyting Rekrutt/Junior

34. plass til laget frå Nordfjord

Nordfjord vart nummer 34 i  samlagsskytinga for junior og rekrutt måndag kveld.

Laget som representerte Nordfjord i samlagsskytinga for Rekrutt/junior. Frå venstre: Stian Skeistrand, Fredrik Taklo, Bendik Stokland og Sandra Vindfjell Frøholm.  Foto: Magne Nesheim

Sport

På laget frå Nordfjord sitt lag skaut Stian Skeistrand, Fredrik Åshamar Taklo, Bendik Stokland og Sandra Vindfjell Frøholm.

Stan Skeistrand, Eldre Rekrutt, opna for Nordfjord og prikka inn 99 av 100 mogelege poeng. Fredrik Åshamar Taklo, Eldre Rekrutt, fekk tre niarar og 97 poeng. Bendik Stokland, Junior, skaut også 97. poeng. Den same poengsummen vart det på ankerkvinne Sandra Vindfjell Frøholm, Junior, som opna med ein åttar følg av ein niar. Dei resterande skota sat i tiaren.

Men poengsummen 390 vart det til slutt 34. plass på ungdomslaget til Nordfjord.

Vinnar av samlagsskytinga for Rekrutt/Junior vart Numedal som banka inn 400 poeng. .

Beste av laga frå Sogn og Fjordane vart Sogn Indre på ein 19. plass. Sunnfjord vart nummer 21 og Sogn Ytre nummer 25.