–Eg er imponert over moralen og innsatsviljen til desse jentene våre. I går tapte dei semifinalekampen mot Blindheim med 6-0. Så kjem dei tilbake i dag og vinn bronsefinalen mot Førde, seier Jim Rune Skrede, trenar for jente 14 laget, som legg til at bronsefinalen vart spelt på ei dårleg grasbane som ikkje innbydde til finspel.

–Trass i dårleg bane, så produserte jentene mange gode sjansar og vann til slutt fortent 3-2 over jentene frå Førde IL.

Veldig bra lag

–I semifinalen vart det meir eller mindre bråstopp for jentene frå Eid som har scora mange mål i kvar kamp og gått frå siger til siger. Korleis takla dei den situasjonen?

–Det skal seiast at jentene våre møtte eitt utruleg godt lag. Det laget dei møtte frå Blindheim IL vart nummer to i Norway Cup i fjor. Dei hadde tre overårige spelarar, og hadde berre eitt mål denne sesongen, og det var å vinne Norway Cup. Men sjølv om jentene møtte eit veldig godt lag så skal dei ha mykje ros for at dei aldri gav opp, seier Jim Rune til Fjordabladet.

Sjå finalen

–Kva skjer vidare utover dagen?

– Først skal vi sjå finalekampen mellom Blindheim og Lyn. Deretter blir det visst nok ei samla premieutdeling for finalelaga. Deretter reiser nokre heim til Eid, medan andre legg til nokre dagar med ferie.

Eid sitt J14-lag på pallen for å ta imot pokal og bronsemedaljer. Foto: Privat