Dette vart klart etter at laget slo Vanylven 6-1 i 1/8 finalen.

–Laget har imponert stort i turneringa. Dei har scora mange mål i alle kampane, seier ein lett stressa trenar Jim Rune Skrede som er i ferd med å gjere laget sitt klart til kamp mot Elnesvågen og Omegn IL, som hadde walk-over i 16-delsfinalen, og som slo Kolbotn IL 1-0 i 1/8 finalen.