Det seier Jim Rune Skrede, trenar for jentelaget til Eid, nokre minuttar etter at laget vann sin kvartfinale mot  Elnesvågen og Omegn IL med 5-1.

Sju mål i snitt

Eid sitt lag i klassen jenter 14 år 7’ar imponerer i Norway Cup. Laget har i skrivande stund spelt seks kampar, tre innleiande i gruppespelet. Tre i sluttspelet, der laget har kome heilt fram til semifinale i sin klasse i A-sluttspelet. Jentene har scora 42 mål på seks kampar og slept inn totalt ni mål. Ein kan bli imponert av mindre. Ikkje minst når vi veit at laget ikkje har nokon fast keeper, men at den jobben går på omgang blant jentene.

–Oppskrifta for å lykkast i fotball ligg i trening, der spelarane får så mykje ballkontakt som muleg. At dei vert trygge med ball. Det har vi jobba mykje med, og det trur eg at vi har hatt stor nytte av i denne turneringa, seier Jim Rune Skrede som er trenar for laget som er no berre er ein kamp unna ein finale i verdas største fotballturnering.

–Dette er ein situasjon eg trur jentene taklar heilt fint. Poenget er at vi uansett skal spele ein kamp til i tillegg til semifinalen mot Blindheim, som eg trur er eit godt lag som scorar mange mål og slepp inn få, akkurat som våre jenter. Om den kampen blir finale eller bronsefinale får vi vente å sjå, seier Jim Rune som er full av lovord om jentene han trenar.

Sosialt

Jim Rune fortel at det i utgangspunktet ikkje var så mykje fokus på fotball og prestasjonar, men at dette fokuset har auka i takt med laget sine prestasjonar.

–I tillegg til at Norway Cup er ei stor fotballturnering, så er det også ein sosial happening. Jentene bur saman på ein skule, og må lære å halde seg til kvarandre. Den sosiale biten av det å vere med er nesten like viktig som kampane, seier Jim Rune som er grådig imponert over det jentene har vist i turneringa.

Avspark: Her er siste prat med dommaren før avspark i kvartfinale mot Elnesvågen og Omegn IL. Ein kamp Eid vann 5–1. Foto: Privat
Sju må per kamp: Her fyrer ein av Eid sine spelarar av eit skot. Laget har, så langt, scora 42 mål på seks kampar. Det er ikkje mindre enn sju mål i snitt per kamp. Foto: Privat
Viktig: Publikum er viktig, og det er det masse av på Norway Cup. Foto: Privat