Jente frå Eid har bøtta inn mål, sju i snitt per kamp, men i semifinalen mot Blindheim ville det seg ikkje lenger. Då dommaren blåste av kampen stod det 6-0 i målprotokollen i favør Blindheim. Det betyr at det blir bronsefinale fredag kl. 11.00 for jentene frå Eid. I den kampen skal dei møte Førde IL, som tapte sin semifinale mot Lyn.

Uansett korleis det går i bronsefinalen mot Førde, så har jentene gjort ei turnering det står respekt av.