Norway Cup

Vinn eller forsvinn

I dag startar sluttspelet i Norway Cup. Det betyr vinn eller forsvinn for alle laga.

Eid sitt jentelag er klare for 1/16 finale i A-sluttspelet i Norway Cup. Klokka 13.15 møter dei Kvamsøy/Sandsøy IL.   Foto: Privat

Det blir ei tøff, men ikkje uoverkomeleg oppgåve for Eid sine 13-åringar når dei møter Skeid sitt førstelag i 1/32 finale i A-sluttspelet.   Foto: Privat

På papiret har Eid sine 14-åringar ei overkomeleg oppgåve når dei møter Andebu IL i første kamp i B-sluttspelet.   Foto: Privat

Sport

I gruppespelet, som for dei fleste lag har betydd tre kampar, har det blitt avgjort om det blir A- eller B-sluttspel. Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til A-sluttspel, medan nummer tre og fire går til B-sluttspel. Eid har to lag i A-sluttspelet. Jenter 14 år i sjuar fotball og gutar 13 år i niar fotball. Dei eldste gutane, gutar 14 år 11’ar fotball tapte den siste innleiande kampen mot Sortland, og vart med det nummer tre i si pulje og med det B-sluttspel.

God sjanse

Eid IL sitt jentelag, jenter 14 år, 7’ar, skal spele 1/16 finale i A-sluttspelet mot Kvamsøy/Sandsøy IL, som vart nummer to i si pulje. Denne kampen blir spelt klokka 13.15 på bane 7 på Ekeberg i dag onsdag. Greier jentene til Eid å slå Kvamsøy/Sandsøy IL, så er det duka for 1/8 finale mot vinnaren av kampen mellom Il Bjørn og Vanylven FK. Vanylven vart nummer to i si pulje med seks poeng. Vinnar av pulja vart Dale IL med sam poeng sum, men med betre målskilnad.

Gutar 13 år

Eid IL sitt gutar 13 år 9’ar fotball. Vart nummer to i si pulje, og skal møte Skeid 1 i 1/32 finale. Skeid vann alle sine innleiande kampar, og hadde ein målskilnad på 23-3. Gutane til Eid gjorde også sine saker bra i gruppespelet, der dei vann to av dei tre kampane. Laget scora 14 og slepte inn tre mål. Det blir ein spennande 1/32 finale som blir spelt på bane 9 på Ekeberg klokka 12.10 i dag.

Overkomeleg oppgåve

Draumen om å gå vidare til A-sluttspelet var nok framleis levande hos Eid sitt G14-lag før kampen mot Sortland IL. Oppskrifta før kampen var klar. Eid måtte slå Sortland IL med tre mål for å kome til A-sluttspelet. Slik vart det ikkje. Sortland vann kampen 3-1 og vann med det pulja. I B-sluttspelet skal Eid sine 14-åringar møte Andebu IL som til no ikkje har tatt poeng i turneringa, og som står med 0-20 i målskilnad. Andebu vart nummer fire i si pulje. Denne kampen blir spelt klokka 12.30.