Sluttspel Norway Cup

To lag frå Eid vidare

Både Eid sitt jentelag i klassen 14 år, som spelar 7’ar fotball, og Eid sitt 14-årslag i guteklassen, 11’ar fortball, gjekk i vidare i slutt spelet.

Eid sitt jentelag i 14 årsklassen tok seg greitt vidare til 1/8 finale etter å ha slått Kvmasøy/Sandsøy IL 7-2 i 1/16 finalen i A-sluttspelet.   Foto: Privat

Eid sitt G14-lag gjekk vidare til 1/16 finel i B-sluttspelet. Bak frå venstre: Kevin Sørland, Andreas Eikeset, Ingebrigt Nes Hjelle, Jan Henden Rand, Johan Felde, Trygve Myrold og Henning Os. Framme frå venstre: Jens Tony Botn, Emilian Henden, Nida Al-Mfaladi, Filip Høstland, Oliver Holmøyvik, Kristian Andreassen og Oliver Sæthre. Oliver Oppedal og Christopher Kupen Løset er ikkje på bildet. Trenar Peder Felde og Lars Olav Holmøyvik.  Foto: Privat

Sport

Jentene gjekk til A-sluttspelet etter å ha vunne si pulje i den innleiande runden. Gutar 14 år gjekk vidare til B-sluttspelet etter å ha blitt nummer tre i pulja. Eid sitt lag i gutar 13 år, 9’ar fotball, gjekk også vidare til A-sluttspelet etter å ha blitt nummer to i pulja. Men i første sluttspelkamp, 1/32 finale,  måtte gutane takke for seg, etter 3-0 tap for Skeid sitt førstelag.

Utklassing

Eid jenter 14 år 7’ar gjorde sine saker bra mot Kvamsøy/Sandsøy IL i 1/16 finalen. Då dommaren blåste av kampen hadde Eids-jentene putta ballen bak motstandaren sin keeper heile sju gonger. Kvamsøy/Sandsøy greidde berre å overliste Eid si målvakt berre to gonger. Eid er dermed klare for 1/8 finale mot Vanylven IL, som slo Bjørn IL heile 6-0. 1/8 finalen blir spelt klokka 20.15 i kved, onsdag.

G14 til 1/16 finale i B-sluttspelet

I 1/32 finalen i B-sluttspelet Gutar 14 år 11’ar, møtte Eid Andebu IL. Eid sine motstandarar vart sist i si gruppe med 0 poeng og 0-20 i målskilnad. Eid vann kampen 4-1 og møter KFUM Kam. Oslo i 1/16 finalen. Oslolaget slo Skreia IL 1-0 i sin kamp. 1/16 finalen mellom desse to laga blir spelt klokka 17.15.